KONFERENSIER OG GJESTEKOKK 2019

Torstein Hatlevik

Torstein eig og driv Haaheim Gaard på Tysnes. Han er også medlem av «Chefs Dinner Norge», det er ei gruppe kokke-venner som lager store midddager, med fokus på lokale råvarer og mat med identitet. Torstein brenn for handtverksmat tufta på lokale råvarer og tradisjonar. Han er mykje brukt til foredraghaldar og kurshaldar om lokalmat og næringsutvikling innanfor turisme.

GJESTEKOKK NILS-HENNING NESJE

Nils-Henning Nesje er en svært kreativ og munter kokk som til daglig driver firmaet Nesjemat/ Mat med hjerte AS , TV - kokk med egne matprogram gjennom Sunnmøre LIVE, Norges bondelagskokk 2017/18, klippfiskambassadør 2017, profilkokk Norsk spekematfestival 2018, styremedlem gårdsmatmerket Hanen, I 2015 laget han det som ble kåret til Norges beste lokalmat meny, Dommer Det Norske måltid & World cheese award 2018, Han er kursholder & produktutvikler for matprodusenter, oppvokst med ville spiselige vekster fra land & hav. Fokusområde innen mat, reiseliv og kultur. Han er også ein av kokkane i «Chefs Dinner Norge».

 

BALJELAUGET

Baljelauget – Heilnorsk Americana

Dette er ein kvartett frå Voss som blandar americana på norsk med folkemusikk. Namnet «Baljelauget» kjem av bassen dei nyttar, ein såkalla «washtub bass», eller vaskebalje. Dette gjev dei ein særeigen sound saman med hardingfele, dobro og trommer.

Baljelauget framfører stusselege viser på tvangsrim om hjerte, smerte, skjemt og alvor til hardingfelespel og baljebass. Her møter amerikansk blues og bluegrass norsk folkemusikk, krydra med humor og historie.

Kvartetten frå Voss kombinerer blues og bluegrass på dialekt med norsk folkemusikk.

Les meir: http://www.baljelauget.com/om-oss/

Alexander Aga Røynstrand

Alexander Aga Røynstrand har spelt fele sidan han var 7 år. Han har delteke på ei rekke kappleikar sidan 2002, og har dei tre høgste plasseringane i juniorklassa på landskappleiken. Han har spelt på mange konsertar, saman med musikarar og songarar frå fleire kantar av landet. Han gjekk musikklina på Voss gymnas og har teke eit år med høgskoleutdanning i fokemusikk på Rauland. Læremeistrane hans har vore Åse Teigland, Steinar Rygg, Jan Beitohaugen Granli, Per Åsmund Omholt, Torgeir Straand, Frank Rolland, Herbjørn Liahagen, Hilde Kirkebøen, Annbjørg Lien, Susanne Lundeng, Øystein Velure - og sist men ikkje minst Knut Hamre. Alexander er ein miljøskapar og inspirator for andre. Han ser på dei tradisjonelle slåttane som noko han får lære - og får sette sitt preg på. Han komponerer også musikk sjølv, forankra i tradisjonen.

STRÒK

STRÒK er eit band frå Ulvik i Hardanger.

Desse hardingane spelar for det meste folkrock eller eplerock som dei likar å kalla det, men det kjem gjerne ein vals eller masurka om stemninga i lokalet tilseier at det er ein god ide.

Bandet har ein del eigenkomponerte låtar, men spelar også mykje materiale folk vil kjenna att, som låtar av The Pogues, The Waterboys, Flogging Molly, Dropkick Murphys med fleire.

Det vil også bli spelt klassiske rockelåtar gjendikta til norsk, som til dømes Ace of Spades (Mötorhead) og White Wedding (Billy Idol).

Oftast er det høg stemning, store smil og mykje ”armar og bein” når STRÒK spelar.

Stròk plar å seia dei er store i London og i Sørfjorden. Dette vert sagt mest på skjemt, men også litt på alvor.

Kvitanesen/Torbjørn Ljones

Kvitanesen er ein forteljar frå Hardanger med humor og litt alvor. Han formidlar historiar om folk og skikkar ved fjorden på eit ekte språk utan særleg mykje framandord, men heller ikkje med  bannord. Han byr på litt dikting og litt sanning.


KONFERENSIER 2018

Torstein Hatlevik

Torstein eig og driv Haaheim Gaard på Tysnes. Han er også medlem av Chefsdinner Norge, det er ei gruppe kokkevenner som lager store midddager, med fokus på lokale råvarer og mat med identitet. Torstein brenn for handtverksmat tufta på lokale råvarer og tradisjonar. Han er mykje brukt til foredraghaldar og kurshaldar om lokalmat og næringsutvikling innanfor turisme.

ARTISTAR 2018

Arild B. Nielsen opnar som vanleg festivalen med lurspel.

Torstein Hatlevik, Haaheim Gaard skal vere konferansier og leie gjennom programmet laurdagen.

Tuva Lutro som vann Norske Talenter 2018 skal ha minikonsert på festivalen laurdag.

Tuva Syvertsen og Valkyrien Allstars skal ha musikalsk innslag under opninga og også litt seinare på festivaldagen. 

Det blir festivalmiddag og konsert med Valkyrien Allstars på Fossli Hotel laurdag.


ARTISTER 2017

Alexander Aga Røynstrand og Ole Gjerde spelar folkemusikk under årest festival.

 


Alexander Aga Røynstrand er årets festival musikker

Alexander Aga Røynstrand er 20 år, og har spelt fele sidan han var 7 år. Han har delteke på ei rekke kappleikar sidan 2002, og har dei tre høgste plasseringane i juniorklassa på landskappleiken. Han har spelt på mange konsertar, saman med musikarar og songarar frå fleire kantar av landet. Han gjekk musikklina på Voss gymnas og har teke eit år med høgskoleutdanning i fokemusikk på Rauland. Læremeistrane hans har vore Åse Teigland, Steinar Rygg, Jan Beitohaugen Granli, Per Åsmund Omholt, Torgeir Straand, Frank Rolland, Herbjørn Liahagen, Hilde Kirkebøen, Annbjørg Lien, Susanne Lundeng, Øystein Velure - og sist men ikkje minst Knut Hamre. Alexander er ein miljøskapar og inspirator for andre. Han ser på dei tradisjonelle slåttane som noko han får lære - og får sette sitt preg på. Han komponerer også musikk sjølv, forankra i tradisjonen.


OLE GJERDE

Ole Gjerde kjem frå Omastrand i Hardanger. Han byrja spele toradar i tenårene og har sidan vore aktiv på kappleikar og festivalar, både solo og i gruppa Hevd. For tida studerer han til å bli hardingfelemakar ved Ole Bull Akademiet på Voss.


FOLKELOKK

Tre jenter frå Ullensvang i Hardanger, Eirin Tjoflot,
Margit Kvalvik, Aurora Aarhus Opheim. De tilbyr kulturbærande underhaldning med både spel, dans
og song.

 
FOLKELOKK.jpg
Torstein Hatlevik

Torstein Hatlevik

Nils-Henning Nesje

Nils-Henning Nesje

Baljelauget

Baljelauget

Alexander Aga Røynstrand

Alexander Aga Røynstrand

STRÒK

STRÒK